Digitale omsetningsgjeldsbrev?1

Kåre Lilleholt, professor, dr. juris, Universitetet i Oslo

1. Gjeldsbrevlova og teknikknøytralitet

Dokument kan vera digitale, og digitale medium kan oppfylle krav om skriftform. Dette er ikkje omstridt i dag. Vi har godteke synspunktet «funksjonell ekvivalens»; digitale medium kan vareta mange av funksjonane som papirdokument har. 56 Dette gjeld likevel ikkje alle funksjonar. Mads Bryde Andersen peiker på dette:

«Det digitale medium kommer imidlertid til kort på formuerettens område, når lovgivningen knytter retsvirkning til selve besiddelsen af et dokument. I disse tilfælde knyttes retsvirkningerne til dokumentet – typisk fordi det tjener en symbolfunktion; den der besidder dokumentet, besidder rettigheden.» 57

I reglane om konkurrerande rettar til same formuesgode – den dynamiske tingsretten – er innehaving (besiddelse) og fråtaking eller overføring av innehaving eitt av dei ytre omstenda som kan vera avgjerande for ekstinktive godtruerverv og for vernet mot kreditorbeslag. Rettsregistrering og notifikasjon (denunsiasjon) er dei to andre viktige typane av slike omstende. I svensk rett blir desse omstenda gjerne omtala som sakrättsmoment. Kva innehaving nærare skal innebera, har juristane diskutert gjen-