endring; 63 konvensjonen byggjer ikkje på ein føresetnad om at gjeldande reglar i dei eksisterande sjølovene utan vidare skal kunne brukast på digitale transportdokument.

Skal reglane i gjeldsbrevlova om omsetningsgjeldsbrev gjerast gjeldande ut over sitt område, er det i tilfelle noko som bør overlatast til lovgjevaren. Den eine dommaren i den svenske saka, Stefan Lindskog, er da òg inne på i eit tillegg at det er reglane om tvangsfullføring som bør gjerast teknikknøytrale.

På denne bakgrunnen synest det ikkje vera grunn til å oppfatte dei nordiske gjeldsbrevlovene som teknikknøytrale. Nedanfor skal vi sjå litt nærare på kva konsekvensar som er tekne av dette synspunktet i dansk og norsk lovgjeving om tinglysing av pantebrev.

2. Danske og norske digitale pantebrev

2.1. Nye reglar og bakgrunnen for dei

Danmark innførte med verknad frå hausten 2009 tinglysing basert på digitale dokument, 64 og Noreg innførte slik tinglysing som eit alternativ til papirbasert tinglysing med verknad frå våren 2017. Danmark endra samtidig reglane om pantebrev som omsetningsgjeldsbrev; Noreg gjorde ikkje det, men reglane om tinglysing av overdraging til eige eller pant av panterett i fast eigedom vart endra. Før vi ser nærare på desse endringane, kan det vera tenleg å skissere litt av bakgrunnen. Vi skal halde oss til reglane om pant i fast eigedom, enda tilsvarande reglar til dels gjeld for panterett i andre formuesgode. 65

Gjeldsbrev som gav pant i fast eigedom (eller skip eller fly), var som utgangspunkt omsetningsgjeldsbrev etter dei nordiske gjeldsbrevlovene (§ 11). Gjeldsbrev er det berre tale om dersom dokumentet inneheld ein i