ord overlevering av eit omsetningsgjeldsbrev eller notifikasjon til debitor. 76

2.3. Norske reglar om papirbaserte og digitale panterettar

Tinglysing på grunnlag av elektronisk innsending – som er seiemåten i norsk lovgjeving – vart innført i full skala våren 2017. 77 Inntil vidare er det tale om eit to-spora system. Elektronisk innsending krev avtale med registerføraren (Statens kartverk); det er ingen allment tilgjengeleg nettportal for tinglysing, slik det er i Danmark. Elektronisk innsending er dermed mest aktuelt for profesjonelle aktørar som finansføretak og eigedomsmeklarar, og tinglysing kan framleis skje på grunnlag av innsende papirdokument.

Tradisjonelle omsetningsgjeldsbrev på papir som gjev pant i fast eigedom, kan altså tinglysast. Overdraging til eige eller pant av slike pantebrev har vern mot konkurrerande erverv gjennom overlevering (gjeldsbrevlova § 14 og pantelova § 4–1), 78 og dette vernet omfattar både panteretten og det sikra kravet. Unntaket frå vilkåret om tinglysing av disposisjonar over panteretten følgjer av norsk tinglysingslov § 20 nr. 1 og 2. 79

Vilkår om tinglysing gjeld heller ikkje for overdraging til eige av papirbaserte panterettar som ikkje er knytte til omsetningsgjeldsbrev (tinglysingslova § 20 nr. 1). Omfattar overdraginga dessutan krav som er sikra under panteretten, synest vern for overdraginga av kravet å krevje notifikasjon (norsk gjeldsbrevlov § 29), eventuelt overlevering av omsetningsgjeldsbrev (som da ikkje er pantebrevet, jf. ved note 22 for dansk rett). Om notifikasjon trengst for å verne rettsstiftinga i panteretten, er litt meir usikkert, men eit slikt vilkår har vore lagt til grunn i litteraturen. 80

Usikkert er det òg om pantsetjing av panterett som ikkje er knytt til omsetningsgjeldsbrev, krev tinglysing. Ordlyden talar for tinglysing; unntaket i § 22 nr. 1 gjeld overdraging til eige, og unntaket i nr. 2 om