3. Avsluttande merknad

Vi har sett at digital tinglysing (tinglysing på grunnlag av elektronisk innsending) har ført til endringar av både danske og norske reglar for pantebrev som er omsetningsgjeldsbrev. Danmark har innført negotiable digitale pantebrev, der tinglysing kjem i staden for reglane i gjeldsbrevlova om innehaving og overlevering, og har avskaffa pantebrev som omsetningsgjeldsbrev. Slike reglar om negotiable digitale pantebrev er ikkje innførte i norsk rett, men her er det framleis mogleg å bruke pantebrev i papirform. I begge landa er synspunktet at reglane i gjeldsbrevlova om omsetningsgjeldsbrev føreset dokument på papir.

Den svenske Högsta domstolen har på den andre sida i prinsippet opna for teknikknøytral bruk av gjeldsbrevlova. Kva dette nærare skal innebera, er ikkje heilt lett å sjå, og i denne artikkelen er det reist kritiske merknader til synspunktet.

Vi bør nemne at spørsmålet ikkje vil kunne koma opp for pantebrev som gjev pant i fast eigedom (eller skip) i svensk rett. Dokument som inneheld ein gjeldsbrevdel og ei pantsetjing, kan ikkje lenger tinglysast i Sverige. Modellen med det vi kan kalle abstrakte panterettar er gjennomført fullt ut. Pantbrevet har ingen panthavar; sikringa av krav skjer først gjennom pantsetjing av pantbrevet (som kan vera eit datapantbrev, og da skjer pantsetjinga gjennom registrering i eit pantbrevsregister). 85 Langt på veg svarar modellen til dei danske eigarpantebreva, og eigarpantebreva har no fått ein plass i dansk lovgjeving, som vi har sett (dansk tinglysingslov § 1 a).

Dei norske abstrakte panterettane er reelt ein parallell til svenske pantbrev og danske eigarpantebrev, men norsk lovgjeving har ikkje halde tritt med utviklinga. Den som les lova, kan få inntrykk av at det berre finst reelle pantobligasjonar i norsk rett. Eit spørsmål som bør vurderast, er om den norske lovgjevinga er moden for ei meir gjennomgripande reform som kan justere kartet etter terrenget.