gjeldsbrev (om ikkje rektaklausul er teken inn). Slik utfylling med ein gjeldsbrevdel er visst ikkje vanleg, og dokumenta er dermed normalt ikkje gjeldsbrev. Dei abstrakte panterettane blir brukte til sikring av dei krav som partane til kvar tid har avtala sikring av. Desse pantedokumenta minner om danske eigarpantebrev, men eigaren kan ikkje stå som panthavar, og sikring av krav føreset ikkje pantsetjing av panteretten. Inntrykket er at desse abstrakte panterettane stort sett har erstatta dei gjorde pantobligasjonane.

Når reelle pantobligasjonar er lite i bruk i Noreg i dag, er ei medverkande årsak at finansavtalelova i forbrukarforhold forbyr dokument som avskjer debitors motsegner, altså negotiabilitet i snever tyding. 70 Det er heller ikkje reglar som påbyr bruk av reelle pantobligasjonar. 71

2.2. Danske reglar om digitale pantebrev

Reglane om omsetningsgjeldsbrev i den danske gjeldsbrevlova omfattar ikkje lenger tinglyste digitale pantebrev (§ 11 tredje ledd). I staden er det teke inn tilsvarande reglar om negotiable pantebrev i tinglysingslova: 72 Eit tinglyst pantebrev er negotiabelt om det ikkje har rektaklausul og ikkje er eit skadeslausbrev (§ 27 andre ledd). Pantebrev på papir kan ikkje tinglysast lenger, så vi talar med andre ord om digitale pantebrev. 73 Tinglysing kjem i staden for innehaving og overlevering av papirdokument. Det underliggjande synet er tydeleg at reglane i gjeldsbrevlova om omsetningsbrev ikkje kunne brukast på digitale pantebrev.

Dei nærare reglane i tinglysingslova om negotiable pantebrev svarar nokså nøyaktig til reglane i gjeldsbrevlova. Gjeldsbrevlova § 14 har fått sin parallell i tinglysingslova § 27 b: Den som i god tru får tinglyst ei overdraging til eige eller pant, kan ikkje møtast med at heimelshavaren vanta rett til å råde over pantebrevet, eller med at heimelshavaren var umyndig (dette siste er ein regel som ikkje finst i den norske gjeldsbrevlova). Ervervaren står dermed sterkare enn han ville ha gjort etter dei