nom generasjonar, men vi kan i det minste antyde at innehavinga har med fysisk kontroll å gjera.

Reglane om omsetningsgjeldsbrev i dei nordiske gjeldsbrevlovene har innehaving som eit viktig moment i konfliktane mellom fleire rettar til kravet (§ 14, jf. § 13). 58 Vidare er innehavinga sentral for negotiabilitet i snever tyding, nemleg reglane om avskjering av debitors motsegner overfor ein ervervar av omsetningsgjeldsbrevet (§§ 15–18, jf. § 13), og for reglane om frigjerande betaling til urette kreditor, kvitteringslegitimasjonen (§ 19). Mads Bryde Andersens synspunkt som er referert like ovanfor, tilseier dermed at desse reglane ikkje kan brukast på digitale gjeldsbrev. Digitale gjeldsbrev kan vi ikkje inneha. Vi skal sjå at dansk og norsk lovgjeving er i samsvar med dette.

Den svenske Högsta domstolen har likevel nyleg uttala – rett nok obiter – at reglane i gjeldsbrevlova om omsetningsgjeldsbrev kan brukast teknikknøytralt. 59 Saka om Collectors elektroniska skuldebrev galdt tvangsfullføring. Der kravet byggjer på «löpande skuldebrev eller annan handling, vars företeende utgör villkor för rätt att kräva betalning eller påkalla fullgörande av annan förpliktelse», skal saksøkjaren leggje fram dokumentet i original. 60 Collector hadde eit digitalt gjeldsbrev, signert med digital signatur, og spørsmålet var om dette var eit omsetningsgjeldsbrev, og om inndrivinga i tilfelle skulle nektast fordi Collector ikkje kunne leggje fram ein original. I den aktuelle saka vart gjeldsbrevet ikkje rekna som eit omsetningsgjeldsbrev fordi debitor ikkje hadde det vernet som regelen om presentasjon av dokumentet som vilkår for betalingsplikt (§ 21) gav, og at motsegner mot ein ervervar av dokumentet dermed ikkje kunne avskjerast. Collector kunne drive inn gjelda utan å leggje fram gjeldsbrevet.

Högsta domstolen uttalar seg meir generelt om forståinga av gjeldsbrevlova. Særleg har avsnitt 8 i avgjerda ein prinsipiell karakter:

«8. Mot bakgrund av skuldebrevslagens uppbyggnad med ett antal bestämmelser som är knutna till det löpande skuldebrevet som en fysisk handling står det klart, att reglerna i skuldebrevslagen utgår från ett underliggande krav på att det ska finnas en möj-