det ytre sjølvstendig lovnad om å betale pengar. For pantebrev inneber dette at dokumentet dels inneheld ei pantsetjing, dels eit gjeldsbrev. Slik er det med det som i Danmark gjerne blir omtala som ordinære (eller almindelige) pantebrev, og som i Noreg har vore kalla reelle pantobligasjonar. Gjeldsbrevdelen viser det reelle innhaldet av skyldforholdet. 6666. Sjå generelt for dansk rett, Torsten Iversen, Obligationsret 3. del. På grundlag af Bernhard Gomard: Obligationsret, 3. utg., København 2018 s. 159–193.
Pantebrev i form av omsetningsgjeldsbrev har kunna overdragast til eige eller pant gjennom overlevering med verknad for tredjepersonsvernet både for panteretten og det sikra kravet (for dansk rett er ikkje overlevering vilkår for vern ved overdraging til eige). Dansk og norsk tinglysingslov har hatt unntak frå tinglysingsreglane for slike tilfelle.
Slike ordinære eller reelle pantebrev er etter kvart lite vanlege. Dei er lite fleksible, særleg dersom partane ønskjer å sikre ulike og varierande krav under same panterett. I Danmark er eigarpantebrev utbreidde – pantebrev som eigaren kan utferde til seg sjølv, og som eigaren deretter kan pantsetje til sikring av krav. 6767. Sjå om eigarpantebrev til dømes Iversen, Kristensen og Madsen, Panteret s. 172–182 og Peter Mortensen, Sikkerhed i fast ejendom, 2. utg., Helsingør 2014 s. 28–31. I Noreg var såkalla gjorde pantobligasjonar lenge vanlege. Dette var pantebrev som i det ytre var reelle pantobligasjonar, men der gjeldsbrevdelen var proforma og altså ikkje viste eit reelt skyldforhold. I staden vart ulike og varierande krav sikra under panteretten gjennom særleg avtale mellom pantsetjar og panthavar. 6868. Sjå om gjorde pantobligasjonar til dømes Jens Edvin A. Skoghøy, Panterett, 3. utg., Oslo 2014 s. 156–158.
I begge landa er skadeslausbrev eit alternativ. Skadelausbrevet har bestemt kreditor og skal etter sitt innhald sikre dei krava kreditor har til kvar tid under eitt eller fleire skyldforhold. Skadeslausbrevet er dermed ikkje eit gjeldsbrev; det er ikkje ein i det ytre sjølvstendig lovnad om å betale pengar. Skadeslausbrev er sjeldne i Noreg i dag, og i Danmark er dei visst langt på veg fortrengde av eigarpantebrev så langt det gjeld fast eigedom. 6969. Iversen, Kristensen og Madsen, Panteret s. 183.
Frå 2001 innebar ei norsk forskrift om blankettar til tinglysingsbruk ei meir formell godtaking av det som har vore omtala som abstrakte panterettar. Dokumentet gjev ein panterett, utan at noko skyldforhold er nemnt. Partane kan fylle ut ein rubrikk – som ikkje blir omfatta av tinglysinga – med ein gjeldsbrevsdel, og da blir dokumentet eit omsetnings-