vanlege reglane i tinglysingslova (sjå til samanlikning unntaket for sterke ugyldiggrunnar i § 27 første ledd andre punktum). 7474. Men òg sterkare enn tidlegare etter gjeldsbrevlova i og med at kravet til god tru er mindre strengt etter dansk tinglysningslov § 5 (grov aktløyse).
Reglane om avskjering av motsegner og motkrav frå debitor cessus (gjeldsbrevlova §§ 15–18) er vidareførte i tinglysingslova §§ 27 a og og 27 c, og reglar om frigjerande betaling til den legitimerte (gjeldsbrevlova § 19) går fram av tinglysingslova §§ 29–29 b.
Tinglysing av overdraging av negotiable pantebrev har verknad ikkje berre for panteretten, men òg for det sikra kravet, slik situasjonen var for overlevering av pantebrev på papir som var omsetningsgjeldsbrev. Samtidig vart unntaka i tinglysingslova (§ 2) som la til rette for overdraging av papirdokumentet med verknad for panteretten, tekne bort. 7575. Mortensen, Digitale panterettigheder s. 41–42.
For tinglyste pantebrev som er gjeldsbrev (og altså ikkje skadeslausbrev), men som ikkje er negotiable fordi dei har rektaklausul, gjeld reglane i gjeldsbrevlova om enkle gjeldsbrev – for skyldforholdet (gjeldsbrevlova § 26 andre ledd). Eit unntak er likevel gjort for regelen om notifikasjon som vilkår for godtruerverv og kreditorvern (§ 31). I og med at det tidlegare unntaket i tinglysingslova § 2 for overdraging av panterett er oppheva, er tinglysing opplagt eit vilkår for vern for godtruerverv og kreditorvern ved overdraging av panteretten. Spørsmålet om notifikasjon er nødvendig i tillegg for overdraginga av det sikra kravet, synest reise tolkingsvanskar som vi her ikkje skal gå inn på. Situasjonen er neppe særleg praktisk for pant i fast eigedom.
Digital tinglysing fekk verknader for reglane om eigarpantebrev. Tidlegare vart krav under eigarpantebrevet sikra ved at kreditor fekk handpant i eigarpantebrevet. I og med at eigarpantebrevet no er digitalt, er ikkje handpantsetjing mogleg, og tinglysingslova har fått reglar om underpantsetjing av eigarpantebrevet (§ 1 a). Desse reglane skal vi ikkje gå inn på. Berre eitt poeng skal nemnast: Underpanteretten i eigarpantebrevet kan sikre ulike og varierande krav, og vi kan tenkje oss overdraginga av desse krava uavhengig av overdraging av panteretten som sikrar dei. Slik overdraging får vern etter reglane i gjeldsbrevlova for kravet, med andre