pantsetjing gjeld omsetningsgjeldsbrev. Det har vore argumentert for at notifikasjon bør halde, 8181. Skoghøy, Panterett s. 246. men den løysinga er ikkje lett å sameine med ordlyden i lova. 8282. Sjå seinast Prop. 6 L (2016–2017) Endringer i tinglysingsloven, inkassoloven og tvangsfullbyrdelsesloven mv. (teknologinøytralitet) s. 40.
Reglane for panterett som er tinglyst på grunnlag av elektronisk innsending, er andre. Her er det ikkje unntak frå dei vanlege reglane om tinglysing (tinglysingslova § 22 nr. 1). Førearbeida byggjer på ein klår føresetnad om at slike panterettar ikkje kan vera knytte til omsetningsgjeldsbrev, og at det er tinglysing som gjev vern for rettsstiftingar i panteretten. 8383. Prop. 6 L (2016–2017) s. 39–40, jf. s. 36. Konsekvensen må òg vera at vern for rettsstifting i det sikra kravet følgjer reglane i gjeldsbrevlova, altså notifikasjon til debitor cessus, eventuelt overlevering dersom kravet er knytt til eit omsetningsgjeldsbrev (som da ikkje er pantebrevet).
Når vi ikkje fekk norske reglar om negotiable digitale pantebrev, er bakgrunnen den som er nemnd ovanfor under 2.1, nemleg at reelle pantobligasjonar – pantebrev som er omsetningsgjeldsbrev – i dag er lite i bruk. 8484. Prop. 6 L (2016–2017) s. 36. Dessutan kan den som spesielt ønskjer å ha glede av reglane om omsetningsgjeldsbrev, bruke papirbasert tinglysing.
Der ein panterett blir tinglyst på grunnlag av elektronisk innsending, kan dokumentet ha same innhald som eit pantebrev på papir. Den fastsette blanketten for digitale pantebrev er den same som for papirdokument, med nokre unntak for underskriftsfelta (registreringa krev digital signatur). Det digitale dokumentet kan dermed òg ha ein gjeldsbrevdel og svara nøyaktig til ein reell pantobligasjon, med den viktige skilnaden at det ikkje finst ein original på papir. Lovendringa byggjer klårt nok på ein føresetnad om at eit slikt digitalt dokument ikkje er eit omsetningsgjeldsbrev etter reglane i gjeldsbrevlova. Nokon tanke om teknikknøytral bruk av gjeldsbrevlova synest ikkje ha vore framme, like lite i Noreg som i Danmark.